Det melder Vest politidistrikt klokka 13.46 laurdag.
Dei to personane vart stoppa på Sanderplassen i Førde av ein Up-patrulje.
– Personane er i 30-åra og har erkjent at dei har brukt rusmidlar. No er dei tatt med til legevakta der det vil bli tatt blodprøve av dei, seier operasjonsleiar Terje Magnussen.
Han veit førebels ikkje noko meir om hendinga: Om det var to personar på éin sykkel, eller om dei køyrde kvar sin. Det er heller ikkje kjent kvifor Up-patruljen stoppa dei.
Firda kjem tilbake med meir.
TIPS OSS
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: [email protected] TLF: 57 83 33 33