Gå til sidens hovedinnhold

To prøvde å stikke av frå kontroll

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein stad var det uventa resultat etter kontroll. Ein annan stad var det meir som vanleg.

– Ingen fekk merknader, seier kontrollør Svein Arne Henjesand etter kontrollen Statens vegvesen hadde på Nordfjordeid onsdag.

Omtrent samtidig var det også kontroll på Håbakken i Sogn. Der var ikkje resultatet like oppløftande, sjølv om 110 tunge køyretøy fekk køyre vidare utan merknader. Dei 19 som vart kontrollerte nærare fekk med seg ulike vedtak om feil og manglar.

To prøvde å stikke av

Ein norsk førar av ein lastebil svinga ikkje innom kontrollen slik han skulle, og blir politimeld for dette. Ein dansk førar av eit vogntog prøvde også å komme seg unna kontrollen. Han hadde grove brot på køyre- og kviletida, og hadde heller ikkje sjåførkort i fartsskrivar. Også dette blir meldt til politiet.

Overlast

Ein norsk transportør hadde overlasta trekkbilen sin så mykje at han fekk eit overlastgebyr på 16 400 kroner. Han fekk heller ikkje køyre vidare før han hadde lasta av til rett vekt.

Føraren av ein varebil som frakta farleg gods hadde heller ikkje alt i orden, Han mangla brannsløkkingsutstyr, og fekk ikkje køyre vidare før dette var på plass. I tillegg var også denne bilen overlasta.

Ulike tekniske manglar

I tillegg til dette vart det registrert eit køyretøy som hadde slark i svingskiva, ein som mangla ferdsskrivar, i tillegg til andre ting som ikkje var alvorleg nok til at dei blei stoppa frå å køyre vidare, men som dei fekk krav om å utbetre.

Kommentarer til denne saken