To personbilar kolliderte i Sogn – vegen opna etter stenging

KOLLISJON: To bilar kolliderte på rv. 5 ved Kjørnes torsdag.

KOLLISJON: To bilar kolliderte på rv. 5 ved Kjørnes torsdag. Foto:

Naudetatane vart torsdag kveld sendt til fv. 5, ved Kjørnes i Sogndal etter at to bilar kolliderte.

DEL

Det var ikkje meldt om personskader etter uhellet, ifølgje politiet. Men etter kollisjonen måtte ein dirigere trafikken manuelt, og det blei ein del kø på staden.

Bilbergar vart bestilt, og klokka 19.08 var både politi og ambulanse på staden.

Klokka 19.33 melder Vegtrafikksentralen Vest at vegen er opna att.

Artikkeltags