To personar skal vere skadde, melder politiets operasjonssentral i Vest politidistrikt.
Ulykka vart meldt klokka 10.47.
Kollisjonen skal ha skjedd på riksveg 5 nær Kaupanger idrettspark i retning Sogndal. Naudetatane vart sendt til staden.
– Fire bilar er involvert i ulykka. Det er ein påkøyrsle bakfrå og det var høg hastigheit, seier Håkon Myking ved 110 Vest-sentralen i Bergen.
Seinare vart det meldt at det rette talet involverte bilar var fem.
Skadeomfanget er framleis ukjent.

Les også
Kommentarer til denne saken