Gå til sidens hovedinnhold

To personar skadde etter knivstikking i Svelgen

Vest politidistrikt melder at dei klokka 17.23 fekk melding om knivstikking i Svelgen.

– To personar skal vere skadde, melder Vest politidistrikt.

Dei skriv på Twitter at det er kontroll på gjerningspersonen.

Det er ikkje meldt om livstrugande skader, og alle naudetatar er klokka 18. 00 på staden og jobbar med å få oversikt.

Det har ikkje lykkast Firda å få kontakt med Vest politidistrikt den siste halvtimen.

Firda kjem tilbake med meir.