To personar i Kinn påvist smitta av korona

Kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale

Kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale Foto:

Tysdag fekk Kinn kommune to påviste korona-sjuke. Det opplyser kommuneoverlege Jan Helge Dale.

DEL

(FIRDAPOSTEN): To personar i Kinn kommune har no testa positivt for koronavirus. Begge er helsepersonell i den kommunale helsetenesta.

Det opplyser kommuneoverlege Jan Helge Dale til Firdaposten tysdag ettermiddag.

– Vi fekk to positive koronaprøver i dag. Vi har venta på det, og no har vi fått det stadfesta.

Begge personane er tilsett i den kommunale helsetenesta i Kinn, og har jobbar der dei har pasientkontakt. Dale kan ikkje seie noko nærare om kvar dei jobbar.

Den eine personen er smitta i utlandet, og har vore i karantene sidan vedkommande kom heim til Norge. Dei reknar ikkje med at denne personen kan ha smitta andre menneske.

– Den andre personen er smitta lokalt. Og vi veit ikkje smitteveg, seier kommuneoverlegen.

Det blir no drive smittesporing, for å forsøke å finne ut kvar personen har fått sjukdommen.

Dei to korona-smitta har begge vanlege forkjølelsessymptom, med feber og vondt i halsen.

Kinn kommune testar berre tre grupper for korona no; veldig sjuke pasientar i institusjon, personar som er så sjuke at dei er på veg mot ei sjukehusinnlegging, og helsepersonell i pasientkontakt som er sjuke.

– Testing frir oss ikkje frå smitte. Oppfordringa til alle er å følge smittevernrådene. Ta ansvar, vask hendene, og hald avstand. Og får ein symptom; bli for deg sjølv til du har vore frisk i ein dag, seier Dale.

Artikkeltags