To personar i ATV-ulukke på Stad

DEL

Vest politidistrikt melde laurdag ettermiddag at det har vore ei ATV-ulukke på fv. 619 ved Sandvikseidet på Stad.

Køyretøyet med to personar på skal ha køyrt ut av vegen. Ingen av personane var fastklemde, men ein av dei vart skadd.

– Den eine har truleg brotskader og blir flogen med luftambulase til Førde sentralsjukehus, opplyser Algrøy.


Artikkeltags