To personar gjekk seg vill på fjellet – er no funne

To sakna turgåarar som gjekk seg vill på eit fjell i Aurland er no lokaliserte av hjelpemannskap. Dei har starta turen ned att frå fjellet.

DEL

Klokka 10.38 starta politiet ein redningsaksjon i samråd med Hovudredningssentralen. To personar haddegått seg vill på Bakkanosi i Aurland.

Politiet melde om dårleg sikt i området og på bakgrunn av dette bestemte dei seg for å starte redningsaksjonen.

– Dei skal ha vore førebudd på å gå i fjellet, men den dårlege sikta gjorde at dei har gått utan for stien, seier Eirik Loftesnes i Vest politidistrikt.

Politiet hadde då vore i kontakt med personane, og det var ikkje meldt om noko personskade. Frivillige leitemannskap vart då kalla ut.

SISTE: Klokka 17.38 lokaliserte frivillige leitemannskap turgåarane. Dei er meldt å vere i fin form, og saman med det frivillige hjelpekorpset startar dei på turen ned att.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken