To personar frakta til sjukehus etter bilulykke

Skadeomfanget er ukjend.

DEL

Klokka 23.19 tysdag kveld fekk politiet melding om ein trafikkulykke tre kilometer frå Eid sentrum mot Måløy.

– Ein bil hadde køyrde ut av vegen, trefte autovernet og rulla rundt, seier Per Algrøy, operasjonsleiar i Vest Politidistrikt.

Det var to personar i bilen.

– Begge vart frakta til traumeavdelinga på sjukehuset i Førde. Kva skadeomfang dei har er ukjend, seier han.

Politiet opprettar sak på hendinga.

Artikkeltags