Gå til sidens hovedinnhold

To nye smittetilfelle

Måndag analyserte Helse Førde 166 prøver. Av desse var det to prøver som gav utslag for covid-19.

Prøvetakingskommunen er Sunnfjord.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei vil sende koronaprøvene. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå Helse Førde sitt område, men berre resultat frå dei prøvene som blir analysert ved Førde sentralsjukehus.

Kommentarer til denne saken