Gå til sidens hovedinnhold

To nye smittetilfelle i Sunnfjord

Tysdag analyserte Helse Førde 330 prøver. Av desse var det to prøver som gav utslag for covid-19. Det er andre dag på rad med ny smitte, etter at to personar testa positivt måndag.

Prøvetakingskommunen er Sunnfjord.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei vil sende koronaprøvene. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå Helse Førde sitt område, men berre resultat frå dei prøvene som blir analysert ved Førde sentralsjukehus.

Kommentarer til denne saken