Gå til sidens hovedinnhold

To nye smittetilfelle i Stad

Ein lærar ved vaksenopplæringa og ein som har jobba utanlands utgjer to nye smittetilfelle i Stad.

Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune etter å ha fått påvist koronaviruset. Dette melder kommunen på sine heimesider tysdag ettermiddag.

Vedkommande har vore på arbeid i utlandet og testa positivt ved innreise til Norge. Personen har vore i karantene sidan han kom til kommunen og er no i isolasjon.

Personen hadde to nærkontakt, dei er i karantene og vert testa.

Elleve elevar og to lærarar i karantene

Måndag meldte også kommunen om eit smittetilfelle. Ein lærar ved vaksenopplæringa ved LA-bygget på Nordfjordeid har fått påvist smitte og er sett i isolasjon.

Kommunen skriv at læraren vart sjuk fredag 13. november og testa positivt laurdagen. Som følge av denne smitten er elleve elevar og to lærarar ved vaksenopplæringa sett i karantene.

Alle nærkontaktar vart testa måndag.

Ukjent smitteveg

Fram til det kjem svar på prøvane held vaksenopplæringa stengt. Svara er venta seint tysdag. Ingen av nærkontaktane ved vaksenopplæringa har teikn til sjukdom, skriv kommunen.

Andre tenester i LA-bygget kan drive som normalt.

Det er førebels uklart korleis den sjuke har blitt smitta. Kommuneoverlegen føler saka tett og vil fortløpande vurdere behovet for eventuelle ytterlegare tiltak i kommunen.

Dei to smittetilfella på Stad har ikkje noko med kvarandre å gjere, opplyser kommunen.

Firda-journalist vart hosta på av ein mann som sa han hadde korona

40 elevar ventar svar på korona-test

Les også

Nekta å sprite seg – blei kasta ut av butikken