Gå til sidens hovedinnhold

To nye smittetilfelle i Helse Førde. Ein ny innlagd

Tysdag vart 309 prøver analyserte, der to av prøvene gav utslag på kronaviruset.

Desse prøvene vart tekne i Høyanger og Lærdal kommunar. Det opplyser helseføretaket på sine sider.

I tillegg er ein ny person innlagd med Covid-19 smitte.

Helse Førde skriv at kommunen der prøven er teken ikkje nødvendigvis er same kommunen der den smitta har folkeregistrert adresse eller bur. Smittetala for Helse Førde omhandlar heller ikkje prøvar som er undersøkte ved andre laboratorium.