Fredag vart 184 koronaprøvar analysert i Helse Førde. Av desse testa to positivt for covid-19.
Dei positive prøvane kom frå Årdal og Askvoll kommunar.
Helseføretaket gjer merksam på at dei som avlegg koronatest ikkje nødvendigvis bur eller har folkeregistrert adresse i kommunen som har sendt prøva inn til analyse i Helse Førde.
Per dags dato er ingen pasientar innlagd på sjukehus i Helse Førde sitt område med koronasmitte. Fem tilsette er heimeverande eller sjukmelde grunna korona.

Les også