Gå til sidens hovedinnhold

To nye smitta i Sunnfjord kommune: Ein var nærkontakt til smitta på Hafstad vgs

Søndag fekk Sunnfjord kommune beskjed om to positive korona-prøver som er analyserte ved laboratoriet til Helse Førde. Det opplyser kommunen søndag kveld.

Den eine var nærkontakt til tilfella på Hafstad vidaregåande skule tidlegare i veka og var allereie i karantene, blir det opplyst.

Den andre positive prøva gjeld ein student som kom heim på påskeferie frå ein annan stad i landet.

– Vedkommande er sett i isolasjon. Nærkontaktar er blitt kontakta i dag og sett i karantene, skriv kommunen på sine nettsider.

Til saman er det no rundt ti personar i karantene knytt til dei to smittetilfella og kommunen ser situasjonen som oversiktleg.

Les også

Ingen nye smitta på Hafstad: – Det gjekk ein enorm lette gjennom kroppen min

Les også

Elise (18) sat i same bil som smitta førre veke: – Dei burde stengt heile trinnet vårt

Les også

Elevar på Hafstad: – Burde stengt skulen til dei fekk oversikt

Les også

Derfor stenger ikkje Furnes skulen

Kommentarer til denne saken