To nye smitta i Stryn kommune – sjekk din kommune her

Det melder kommunen på sine heimesider.

DEL

Status for Firda sine dekningskommunar per. 21 mars klokka 15.20:

  • Sunnfjord kommune: Åtte smitta.
  • Gloppen: Ein smitta. 61 testa, 51 har fått negativt prøvesvar og ni ventar på svar.
  • Fjaler: Ingen har fått påvist smitte.
  • Askvoll: Ingen har fått påvist smitte.
  • Kinn: Ingen har fått påvist smitte.
  • Hyllestad: Ingen har fått påvist smitte.
  • Høyanger: To smitta. Ni prøvar vart tekne 18. mars, og alle var negative.

Solund har eitt smittetilfelle, medan Gulen rapporterer om null smittetilfelle. I Stryn har to nye smitta - dermed har ti personar fått påvist koronavirus i kommunen.

Totalt er det no 26 personar som er smitta av viruset i Helse Førde sitt område. Ingen er innlagde på sjukehus.

Per 21. mars klokka 15.00 sit 76 av totalt 3000 personell i helseføretaket i karantene. Ein er tilsett er smitta.

Artikkeltags