Gå til sidens hovedinnhold

To nye smitta i Stad kommune

Måndag vart det analysert 286 koronaprøver ved Førde sentralsjukehus. To av desse gav utslag på viruset.

Prøvene er tekne i Stad kommune, opplyser helseføretaket på sine heimesider.

Helse Førde gjer merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse. Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som dei har tatt. Dermed kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.