Gå til sidens hovedinnhold

To nye smitta i Stad. Ein av dei jobbar som lærar

Onsdag ettermiddag er det gjort testing i samband med smittesporing rundt det siste smittetilfellet i kommunen som vart gjort kjent onsdag morgon. Ved bruk av hurtigtestar har to nye personar fått påvist covid-19.

Det skriv Stad kommune i ei pressemelding.

Desse var begge nærkontaktar til den tidlegare smitta, og allereie sett i karantene tysdag kveld. Det er gjort smittesporing kring dei to. Nærkontaktar er sett i karantene og vert testa torsdag. Husstandsmedlemmar til nye nærkontaktar er sett i ventekarantene.

Den eine av dei smitta arbeider som lærar på klassetrinn 3 til 8 ved Kjølsdalen Montessoriskule og kan ha vore smittsam i skulemiljøet måndag denne veka.

Alle elevar og tilsette på dei aktuelle klassetrinna er sett i karantene og vert testa torsdag. Dette er til saman omkring 40 personar. Husstandsmedlemmar er sett i ventekarantene.

Trinn 1 og 2 ved skulen er ikkje nærkontaktar til den smitta og er ikkje sett i karantene. Fordi karantenetiltaka fører til ein utfordrande bemanningssituasjon, vil det likevel verte heimeskule også for trinn 1 og 2 dei kommande dagane.

I tillegg til hurtigtestar vart det onsdag tatt 50 PCR-testar på Nordfjordeid. Svar på desse er venta torsdag kveld.

Stad kommune avsluttar pressemeldinga med å oppfordre alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Kommentarer til denne saken