To nye smitta i Helse Førde sitt område

For tredje dag på rad er det to positive prøvar for covid-19 i Helse Førde sitt område.

DEL

Fredag vart det analysert 274 korona-prøvar. To var positive for covid-19. Det melder Helse Førde.

Det er tredje dag på rad at det er positive prøvar. Sidan onsdag er det påvist seks tilfelle av korona i Helse Førde sitt område.

Totalt har 60 personar no blitt smitta av viruset i det området som Helse Førde har ansvar for.

Helse Førde har for tida ingen innlagde pasientar med covid-19.

Artikkeltags