Fredag 12. mars vart det avdekka to nye positive koronatestar. Totalt vart det analysert 236 testar i Helse Førde.

Dei positive prøvene vart tekne i Stryn og Årdal.

– Fredag kveld kom det melding om ein ny kjend nærkontakt som har testa positivt. Personen har vore i karantene heile tida og er no sett i isolasjon, skriv Årdal kommune på si heimeside.

Kommunen presiserer at det i dette tilfellet ikkje er noko samanheng med den brasilianske mutasjonen.

Ingen nye nærkontaktar i

Også i Stryn kommune er det ein kjend nærkontakt som no har fått påvist koronasmitte.

– No har dermed alle dei tre personane som har blitt definert som nærkontaktar til smitteutbrot i Stad fått påvist koronavirus. Smitta person påvist i dag utløyser ingen nye nærkontaktar, skriv Stryn kommune på si nettside.

Stryn kommune opplyser at det er ingen nye nærkontaktar i kommunen til smitten i Stad dei siste dagane.

Berre testar i Helse Førde

Helse Førde gjer merksam på at kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som dei har tatt. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde, men berre ei liste over dei prøvene som er analysert hjå Helse Førde.

Laurdag morgon er det to pasientar som er innlagde med korona.