Gå til sidens hovedinnhold

To nye positive koronaprøvar

Torsdag vart det analysert 380 koronaprøvar i Helse Førde. To av desse var positive. Dei to prøvane vart tekne i Stad og i Sunnfjord.

Kommuneoverlege Øystein Furnes seier til Firda fredag morgon at dei har smittetilfellet under kontroll.

– Personen sat allereie i innreisekarantene, og situasjonen er oversiktleg og udramatisk, seier han.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Les også

No er det stadfesta: Smitten i Stad er mutert virus

Kommentarer til denne saken