Gå til sidens hovedinnhold

To nye personar smitta av korona

Av totalt 194 analyserte prøver fredag, har to av dei vist seg å vere positive.

Det melder Helse Førde laurdag morgon.

Dei to positive prøvene fredag blei tekne i Sogndal og i Stad.

Også fredag var det to nye positive prøver, etter at det har vore fleire dagar med null smitta.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Les også

To smitta i Florø etter vinterferie på Austlandet: – Har gjort alt etter boka

Les også

– Denne helga og nokre dagar ut i neste veke blir viktige

Kommentarer til denne saken