Gå til sidens hovedinnhold

To nye koronatilfelle

243 prøver vart analysert fredag.

Fredag vart 243 koronaprøver analysert hos Helse Førde. Blant dei var det to som gav positiv utslag.

Helse Førde melder at dei positive prøvene er tatt i Kinn og Askvoll, men at det ikkje nødvendigvis betyr at dei bur i dei kommunane.

Dette er femte dagen på rad at Helse Førde har avdekt positive koronaprøver. Av dei 1198 prøvene som er analysert hittil denne veka har 12 av prøvene vore positive.

Helseføretaket melder også at det per no ikkje er nokon innlagd på sjukehuset med stadfesta covid-smitte.

Helse Førde gjer oppmerksam på at dette ikkje er ei komplett liste over alle prøvesvar frå området deira, men resultatet frå dei prøvene som vert analysert hos dei.