Gå til sidens hovedinnhold

To nye koronatilfelle

411 testa seg for korona.

Onsdag vart det analysert 411 koronaprøver av Helse Førde, to av desse viste seg å vere positive. Dette opplyser helseføretaket på sine heimesider.

Dei positive prøvene vart tekne i Stryn og i Fjaler.

Så langt denne veka har helseføretaket analysert 1147 koronaprøver, og seks av dei har vore positive. Likevel er ikkje dette ei komplett liste over prøvesvar frå Helse Førde sitt dekningsområde, men frå dei prøvene som vert analysert av dei.

Les også

To personar testa positivt etter ferietur i utlandet