Gå til sidens hovedinnhold

To nye koronatilfelle i Bremanger

Smittevernlege Jan Helge Dale stadfestar at det er registrert to nye tilfelle av korona i Bremanger.

(FIRDAPOSTEN): Tysdag morgon blei det registrert to nye koronatilfelle i Bremanger kommune ifølge oversikta til Folkehelseinstituttet og MSIS. Smittevernlege Jan Helge Dale stadfestar at informasjonen er korrekt.

– Dette er gjestearbeidarar som har blitt testa på grensa på Svinesund. Dei har køyrt bil oppover og har gått rett i karantene, fortel Dale.

Dale fortel at dei som har vore i kontakt med gjestearbeidarane i Bremanger er, eller vil bli testa, og er i karantene. Det kan dermed sjå ut som om det er liten grunn til uro.

– Basert på den informasjonen eg har fått i dag er alt under kontroll. Vi regner ikkje med noko smitte i nærområdet, avsluttar Dale.

Kommentarer til denne saken