Gå til sidens hovedinnhold

To nye koronasmitta

Fredag morgon blir det meldt om nye smittetilfelle i Sunnfjord og Stad.

Torsdag blei 202 koronaprøver analysert ved laboratoriet i Førde. Av desse var det to prøver som gav utslag for covid-19.

Prøvene er tatt i Sunnfjord og Stad kommune.

Sidan søndag har tre personar blitt innlagd på sjukehuset med koronasmitte. Fredag morgon melder Helse Førde at det framleis er to personar innlagd.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse. Dette er berre resultat frå dei prøvene som blir analysert ved Førde sentralsjukehus.

Sat allereie i karantene

Tilfellet som er meldt i Stad vart gjort kjent torsdag kveld. Dette kom frå eit positivt prøvesvar frå testing gjort på Nordfjordeid på onsdag.

Som følge av dette er ein ny person sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist koronasmitte.

Det melder Stad kommune på nettsida si.

Den smitta har vore i karantene etter nærkontakt med ein smitta person i same husstand. Grunna det nye smittetilfellet, er ein ny nærkontakt sett i karantene og vil bli testa. Smittesporinga er avslutta.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggarar til å ha låg terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Kommentarer til denne saken