To nye koronasmitta
Denne veka har Helse Førde analysert over 2000 koronaprøver.
Laurdag vart det analysert 207 koronaprøver av Helse Førde. To av desse viste seg å vere positive. Dette opplyser helseføretaket på sine heimesider.
Dei positive prøvene vart tekne i Sogndal og Gloppen.
Det er ingen pasientar innlagt på sjukehus med stadfesta COVID-19 smitte.
Så langt denne veka har helseføretaket analysert 2054 koronaprøver, og 12 av dei har vore positive. Likevel er ikkje dette ei komplett liste over prøvesvar frå Helse Førde sitt dekningsområde, men frå dei prøvene som vert analysert av dei.