To nye koronasmitta i Helse Førde sitt område

DEL

Torsdag vart det analysert 278 koronaprøver. Oppdaterte tal frå Helse Førde sine sider syner at to av desse prøvane var positive.

Det er no til saman 60 stadfesta tilfelle av covid-19 i Helse Førde sitt område sidan mars. Ingen pasientar som er innlagd på Førde sentralsjukehus er smitta.

IfølgeFolkehelseinstituttet sin MSIS-statistikk (meldingssystemet for smittsame sjukdommar) kjem det at det har komme to nye smittetilfelle i Askvoll det siste døgnet.

Denne statistikken seier derimot ikkje noko om personane som har fått påvist smitte er heimehøyrande i kommunen, eller om det er personar frå andre kommunar som er testa der.

Artikkeltags