Gå til sidens hovedinnhold

To nye koronasmitta- ein av dei testa positivt i Sunnfjord

Laurdag analyserte Helse Førde 158 prøver. To av desse viste seg å vere positive.

Prøvetakingskommunane er Stad og Sunnfjord, melder helseføretaket på heimesidene sine.

Laurdag kveld sende Stad kommune ut pressemelding om at dei hadde eit nytt tilfelle.

Ifølge smittevernoverlege Øystein Furnes i Sunnfjord kommune, høyrer ikkje den smitta heime i Sunnfjord. Vedkommande testa seg berre her.

Sidan førre laurdag har det vore elleve nye positive prøver som er analyserte i helseføretaket.

Les også

Ny person smitta i Stad

Kommentarer til denne saken