Gå til sidens hovedinnhold

To nye har fått korona i Vik

[SOGN AVIS]: Tysdag kveld fekk Vik kommune melding om to nye personar som har testa positivt for korona. Den eine testen vart analysert på laboratoriet ved Førde sentralsjukehus.

Vedkomande er nærkontakt med ein av dei to tilsette på Blix hotell som har Covid-19, men jobbar sjølv ikkje på hotellet.

Ein anna person har vorte testa utanfor Vik kommune etter ein utanlandstur. Vedkomande har ikkje vore i Vik etter påvist smitte, men er venta heim og må gå rett i isolasjon.

Les også

To hotelltilsette smitta i Vik - 60 personar blir kontakta

Kommentarer til denne saken