To naboar i Askvoll vann 250.000 kroner på deling i lotteri

– Hadde ikkje drøymt om at det skulle vere så mykje, fortel vinnar.

DEL

Postkodelotteriet er eit lotteri der ein melder seg inn med postkode og adresse. Denne veka var det to heldige naboar i Askvoll på postkoden 6980 som vann hovudpremien på 125.000 kroner kvar.

Har vunne 200 kr før

I ei pressemelding fortel kommunikasjonssjef Roger Magnergård at ein av dei som vann hovudpremien var ein eldre mann.

– Det blei god stemning i telefonen då vi ringde han. Han visste at han hadde vunne, men ikkje kor mykje pengar det var snakk om.

Mannen sjølv var spent då telefonen ringde, og blei veldig overraska over summen.

– Tidlegare har eg vunne 200 kroner i same lotteri, og denne gongen trudde eg det skulle bli noko liknande. At eg vann så mykje pengar er kjempekjekt, fortel han.

Han veit ikkje kva han skal nytte gevinsten til, sidan det kom så brått på.

– Først må eg summe meg litt, men det blir i alle fall ikkje noko feiring før pengane står på konto.

Vann 100.000 på deling

I tillegg vann til saman 32 stykk på same postnummer ein premie på 100.000 kroner, som skal delast på alle, inkludert dei to som vann hovudpremien.

Halvparten av nettoomsetninga til Postkodelotteriet går til velgjerdsorganisasjonar, og det var det som var tanken då det blei starta i 1980.

– I dag finst lotteriet i Nederland, Sverige, Storbritannia og Tyskland, og har 10 millionar abonnentar. Sidan lotteriet starta opp i Norge har vi donert over 20 millionar kroner til SOS-barnebyer og WWF Verdens Naturfond. Det er vi veldig stolte av, seier Magnergård.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken