Gå til sidens hovedinnhold

To menn redda ned frå fjellet

Takka vere mobildekning, fann redningshelikopteret fort mennene som gjekk seg vill på topptur i 20 minus.

Dei to mennene i femtiåra som gjekk seg vil på ein topptur på Tverrfjellet i Øvre Årdal vart berga ut med redningshelikopter laurdag kveld klokka 19.27.

Det fortel operasjonsleiar Per Algrøy i Politiet Vest.

– Mennene hadde mobildekning, så redningshelikopteret fann dei fort, seier Algrøy.

Ifølgje Algrøy var mennene i godt behald då dei vart funne, og det var ikkje naudsynt med helsehjelp.

-20 grader

Operasjonsleiaren fortel at det var meldt minus tjue grader på staden der mennene var.

– Mennene hadde slått seg ned i ein camp for å halde varmen, seier Algrøy.

Han seier at det var mobildekning på staden, noko som gjorde at redningshelikopteret klarte å lokalisere mennene ut frå mobilane deira.

– Men det er ikkje alltid dekning, så dette viser kor viktig det er å ha med seg godt utstyr; ting kan skje i fjellet, seier Algrøy.