Politiet var på staden litt før klokka 18.00, og opplyser at ulukka har skjedd ved at den eine motorsykkelen køyrde i den andre bakfrå.

– Den eine mannen er køyrd til sjukehus med ukjent skadeomfang. Den andre er på staden og blir sjekka av ambulansepersonell, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Dei involverte er begge i 60-åra.

Det blir oppretta sak, opplyser Hausvik.