Gå til sidens hovedinnhold

To lister til stortingsvalet vart ikkje godkjende

Berre 17 av 19 lister i Sogn og Fjordane blei godkjent av Fylkesvalstyret i Vestland.

Kystpartiet og Piratpartiet får ikkje godkjent listene sine. Årsaka er at begge partia ikkje har greitt å oppfylle krava i lova.

Kystpartiet i Sogn og Fjordane må ha 500 underskrifter, noko dei ikkje har greitt å levere. Dei forklarar dette med at det har vore vanskeleg å få nok underskrifter grunna koronapandemien.

Piratpartiet i Sogn og Fjordane manglar lokale tillitsvalde for lista. Kravet er at dei skal ha to tillitsvalde som har røysterett i valdistriktet.

Stortingsvalet er måndag 13. september. I enkelte kommunar òg søndag 12. september. Førehandsrøystinga startar tysdag 10. august og held på til og med fredag 10. september.

Dei 17 listene som er godkjende ved stortingsvalet frå Sogn og Fjordane er:

  • Alliansen – Alternativ for Norge
  • Arbeidarpartiet
  • Demokratene
  • Framstegspartiet
  • Helsepartiet
  • Høgre
  • Industri- og Næringspartiet
  • Kristeleg Folkeparti
  • Liberalistane
  • Miljøpartiet Dei Grøne
  • Partiet De Kristne
  • Partiet Sentrum
  • Pensjonistpartiet
  • Raudt
  • Senterpartiet
  • SV – Sosialistisk Venstreparti
  • Venstre

Les også

19 parti kjempar om Sogn og Fjordane sine fire stortingsplassar. Sjå alle listene her

Les også

Elias (20) går frå å selje byggevarer til å jobbe på Stortinget i sommar

Les også

Sigrid (19) og familien flyttar frå Fjaler. Etter to år gir ho slepp på kommunestyreplassen: – Ikkje eit lett val

Kommentarer til denne saken