– Det er gledeleg for kommunane og Statsforvaltaren at Vestland fylke ikkje lenger har kommunar i Robek, seier Marit Lunde, seniorrådgjevar i Statsforvaltaren i Vestland, til Kommunal Rapport.

No er både Bremanger og Gloppen ute av Robek.

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld.

Det er framleis 16 kommunar på Robek-lista.

(©NPK)