Det melder HRS Sør-Norge på Twitter 19.29 laurdag kveld.
Klatrarane skal ha fått dårleg sikt og kome ut av ruta si.
HRS har sendt redningshelikopter frå Florø, og alpinredningsgruppe i Jostedalen er varsla for å assistere.
Vest politidistrikt og Lokal Redningssentral Vest koordinerer.
Då Firda ringde til operasjonssentralen litt før åtte, opplyste operasjonsleiar Jørgen Ommedal i Vest politidistrikt, at klatrarane tok kontakt med politiet rundt halv seks.
Han seier dei verkar for å vere erfarne klatrarar som rappellerte seg ned fjellveggen. Dei er mellom Store- og Vesle Skagastølstind 800 m.o.h, og står trygt på ei fjellhylle.
– Vi har kontakt med dei, og ei redningsgruppe med klatrarar frå Sogndal og redningshelikopter frå Florø har no landa på Turtagrø, seier Ommedal.
Han seier dei ventar på tilbakemelding frå ressursane som er på staden.
Vesle Skagastølstind er 2340 m.o.h., og ligg i den sørvestre delen av Jotunheimen.