To gonger er han lånt, men no har Sogndal sikra seg Martin Ove (21)

TILBAKE: Martin Ove Roseth er no signert for to år. 21-åringen har vore i Sogndal på utlån to gonger tidlagare.

TILBAKE: Martin Ove Roseth er no signert for to år. 21-åringen har vore i Sogndal på utlån to gonger tidlagare. Foto:

Sogndal er blitt samde med Molde om ein overgang for Martin Ove Roseth.

DEL

Forsvarsspelaren er signert frå 1.7.2020 til 31.12.2022. Han har frå før vore på to låneopphald i Sogndal, melder Sogndalfotball.no.

21-åringen frå Volda spelte 19 kampar for Sogndal i fjor. Han er kjend i klubben som ein rask spelar med god venstrefot.

– Vi er veldig glade for at Martin Ove kjem tilbake til oss. Han gjorde det veldig bra då han var hjå oss i fjor, og var ein spelar vi har ønska oss med vidare, seier Håvard Flo.

Trenar Eirik Bakke fortel også at dei har god kjennskap til Roseth.

– Med Martin Ove inn har vi komplementert troppen, seier Sogndal-trenaren.

Noko av grunnen til at Sogndal no har sikra seg Roseth, er at Molde også i år blir ein kandidat til å vinne Eliteserien. Molde har starta sesongen sterkt og det er stor konkurranse om plassane på laget. Difor har han valt å gå til ein klubb der han får meir speletid.

– Martin Ove hadde fleire alternativ, men for han var Sogndal eit førsteval, seier Flo.

– Eg er veldig glad for at vi kan henta nok ein ung, svolten spelar som Martin Ove, og ser fram til at vi kan vere med på å utvkikle han vidare her hjå oss dei neste åra, seier Bakke.

Artikkeltags