Trafikkuhellet skjedde like ved Kårstad Transport sitt anlegg på Storehaug. Det er to bilar involverte, begge bilane har materielle skadar. Det er to personar involvert, begge verkar oppegåande og er ute av køyretøya.

Klokka 1735 var ambulansen kommen fram, og politiet var berre nokre hundre meter unna ulykkesstaden.

– Ambulansen kan melde at begge dei to involverte – ein førar i kvar bil – er uskadde. Men dei melder at det er glatt på staden, seier operasjonsleiar operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt til Firda.

På staden kan skadestadsleiar Kristine Skilbrei fortelje at dei to bilane har sklidd inn i kvarandre, men at det er snakk om små, materielle skader. Førarane av dei to bilane har ikkje hatt behov for medisinsk assistanse. Dei to bilane har også forlate staden av eigen maskin.

Skilbrei har ei oppfordring til bilistane:

– Det har lava ned med snø no, og det er glatt, så folk må køyre forsiktig, seier ho.

Denne artikkelen blir oppdatert fortløpande.