To bilar kilte seg fast på bru etter møteulykke

Ein personbil og ein bubil er involvert. Det sat personar fast i bilane, men dei skal vere uskadde.

DEL

To bilar kilte seg fast på Storelva bru på fv. 60 i Utvik i Nordfjord fredag ettermiddag. Det melde Vest politidistrikt klokka 16.54 fredag.

– Dei har kilt seg fast ettersom brua er for smal til to bilar i breidda, opplyste operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen til Firda kort tid etter ulykka vart meldt.

Bilane måtte bli drege frå kvarandre av bilbergar, som var på veg til staden.

Ifølge politiet var det personar som sat fast i bilane, men dei var ikkje skadde.

– Personane sit fastklemt, og kjem seg ikkje ut av dørene, men det er ikkje opplyst om noko skade, sa Magnussen.

Vegen vart stengt grunna ulykka.

Naudetatane vart sendt, og det vart meldt om lange køar på staden. Omkøyring var via E39 og Rv. 15 i tidsrommet vegen var stengt.

Klokka 18.06 vart det meldt at trafikken gjekk forbi staden att, men at begge bilane måtte tauast.

Artikkeltags