Gå til sidens hovedinnhold

To bilar involvert i trafikkuhell

Tre personar skal vere involvert.

Politiet melder om eit trafikkuhell på E39 på Jølstravegen, like nord for Klakegg. To bilar skal vere involvert.

Klokka 15.46 fekk naudetatane melding om hendinga. Tre personar skal vere involvert i ulykka. Éin person er opplyst å vere lettare skadd, men alle skal vere vakne og oppegåande, melder politiet på Twitter.

Klokka 16.39 melde politiet at eine føraren er køyrd til legevakt for sjekk, men det er førebels uvisst kor skadd personen er.

Har du bilde, video eller informasjon frå staden? Del det gjerne med oss her.

Bilbergar er bestilt, og det er manuell dirigering på staden.

Saka blir oppdatert.