To bilar i trafikkulykke på rv. 5

Foto:

Politiet er på staden. Ingen av dei involverte er skadde.

DEL

To bilar er involvert i ei trafikkulykke ved Mækjevika på Rv. 5 i Florø. Det melder operasjonssentralen i Vest Politidistrikt klokka 16.20. ulykka skal ha skjedd klokka 16.15.

Politiet er på staden. Skadeomfanget var då meldinga kom ikkje kjent, men operasjonssentralen melder no at ingen av dei involverte er skadde.

Operasjonsleiar Steinar Hausvik fortel til Firda klokka 17.03 at politiet framleis er på staden. Det blir no teke forklaringar frå dei involverte.

– Frå det vi har fått meldingar om, er det ingen andre enn førarane av dei to bilane som er involverte, seier Hausvik.

Han fortel at det er snakk om ei påkøyrsle bakfrå, men nøyaktig hendingsforløp er enno ikkje klart.

Artikkeltags