Gå til sidens hovedinnhold

To bilar i trafikkulykke på fylkesveg 50

Tre til legevakt.

Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland blei stengd fredag ettermiddag på grunn av ei trafikkulykke. Det melder Vegtrafikksentralen Vest.

Ulykka skjedde ved Vassbygdevatnet i Aurland. Naudetatar rykte ut til staden.

To bilar var involvert. Tre personar blir køyrde til lokal legevakt, melder Vest politidistrikt like etter klokka 1600.

Vegen er no open for trafikk, melder Vegtrafikksentralen klokka 16.20.

Kommentarer til denne saken