Torsdag ettermiddag var to bilar involverte i ei trafikkulykke i Hafslovegen i Luster i Sogn. 110 Vest opplyser at det er meldt om store materielle skadar.
Naudetatane var framme på staden klokka 16.56.
Har du informasjon eller bilde frå staden? Del det gjerne med oss her.
Sogn Avis skriv at at det er snakk om to bilar som har kollidert ved Essostasjonen på Stolpen på Hafslo. Fleire airbagar er løyste ut i den eine bilen.
110 Vest melde først om at det ikkje var nokon fastklemde etter kollisjonen. Seinare oppdaterte dei med at ingen av dei involverte er skadde.