Gå til sidens hovedinnhold

To bilar i trafikkuhell i Grasdalstunnelen

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein person vart sjekka av helsepersonell.

Klokka 18.09 måndag fekk politiet melding om ein trafikkulykke mellom to bilar i Grasdalstunnelen på rv. 15 på Strynefjellet.

– Ulykka skal ha skjedd inne i tunnelen, men dei har komme seg ut og står no på utsida, fortalde Per Algrøy, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Det er for tida arbeid inne i tunnelen og ifølgje politiet var det ein følgebil som vart påkøyrt. Årsaka til ulykka skuldast truleg helsemessige årsaker.

– Vedkommande blir no tatt hand om av ambulanse på staden, og det er snakk om mindre personskadar, sa Algrøy like før klokka 19.00.

Klokka 20.50 melde Vegtrafikksentralen Vest at det er fri ferdsel på rv. 15 etter trafikkuhellet.