To bilar i front mot front-ulykke i Stryn

Tre personar sendt til sjukehus. To i luftambulanse, og ein blir køyrt i ambulanse.

DEL

Klokka 15.22 melder Vest politidistrikt om ei trafikkulykke på fylkesveg 15 mellom Kjøs og Stryn. Det er snakk om to personbilar som har krasja front mot front.

Operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Terje Magnussen, opplyser til Firda at det skal vere tre personar involvert i ulykka.

– Alle tre skal vere bevisste, men ein har vore fastklemd i bilen. Vedkommande er no laus etter hjelp frå naudetatane, seier Magnussen.

Det er ikkje opplyst om personskadar, men det vert seinare meldt at ein av dei involverte er flogen til Haukeland sjukehus. Ein er også flogen til Førde sentralsjukehus og den tredje er sendt til Førde sentralsjukehus i ambulanse.

Magnussen fortel at vegen er stengt og det kjem den også til å vere ein god stund framover.

Like før klokka 17 vart vegen opna for trafikk, og naudetatane avsluttar på staden.

Artikkeltags