Ulykka vert meldt av 110 Vest klokka 15.05.

Vaktkommandør ved 110 Vest melder at hendinga skal ha Skjedd ved Hauge, på Grotlevegen.

– Ein bil har fått sleng, og komme over i motsett vegbane. Deretter har det blitt ein front mot front-kollisjon.

Drotningsvik fortel at det ikkje skal vere store materielle skader, og det er heller ikkje meldt om personskade.

Det er meldt å vere slaps og glatt på staden.

Bilane er no fjerna av bilbergar. Dei to bilane stod i vegbana etter kollisjonen, men Drotningsvik fortel at nokre bilar kom seg forbi ved å køyre rundt på ein bø som låg like ved vegen.