Politiet i Sunnfjord melde fredag på Facebook om mykje stole materiell frå ein lagringsplass i Sørdalen i Bremanger, ved Bortnetunnelen.

Tjuveria skal ha skjedd i løpet av siste halvdel av sommarferien, og ifølgje politiet er det snakk om stolne åkplater, strekkfisker, kuleboltar og anna.

Totalt skal det vere stole for verdiar på om lag 50.000 kroner.

Politiet er svært lystne på tips frå personar som kan ha gjort observasjonar i saka.

Dei ønskjer at ein i såfall tek kontakt på 57 79 66 34.