Mjølkeproduksjonen blir lagt ned ved meieriet i Ålesund og flytta til Tunga i Trøndelag, der det vil bli ti nye arbeidsplassar. Det skal framleis produserast ultrapasteuriserte produkt som sausar og iskaffi i Ålesund.

– Det er aldri hyggjeleg å leggje ned arbeidsplassar, men vi må gjere alt i vår makt for å vere konkurransedyktige, seier konsernsjef Gunnar Hovland.

– Fleire oppseiingar

Tine skal gå gjennom heile anleggsstrukturen. Det er særleg 13 anlegg med 1.400 tilsette som blir ramma og der det vil komme fleire oppseiingar, opplyser Hovland til NTB. Årsaka er fallande mjølkeforbruk, aukande import og konkurransen frå andre norske meieri.

– Det blir ein vond spiral som blir forverra av at konkurrentane våre får 200 millionar kroner i året i sentraliserande subsidiar. Vi er allereie der at vi må tilpasse oss denne røyndommen, seier han.

Tine ber politikarane fjerne tiltaka som vart innførte for 20 år sidan for å gi mindre meieri høve til å etablere seg. Tines konkurrentar meiner tiltaka framleis er nødvendige.

Tines konkurrentar meiner framleis at meierkonsernet dominerer marknaden og at tiltaka framleis er naudsynte.

Omlegging frå sør til nord

Tine set no i gang et arbeid med å gjennomgå heile drifta. Dei 13 anlegga som er i faresona er:

  • Lageret ved meieriet i Harstad og Tines terminalar i Tromsø og Bodø.
  • Mjølkeproduksjon og distribusjon i Oslo, Kristiansand, Frya, Sem og Sola
  • Mjølkepulver-anlegga i Brumunddal og Sandnessjøen
  • Anlegg for å pakke ost i bitar og skive og rive opp ost i Byrkjelo, på Heimdal og Klepp.

Hovland seier det ikkje er mogleg å seie no kor mange arbeidsplassar som kan bli borte.

Til saman har Tine rundt 5.300 tilsette ved 34 anlegg.

Firda kjem tilbake med meir.