Timevis med lange køar på Lavik – Oppedal

Frå 17-tida søndag ettermiddag måtte ein rekne med ein god del ventetid om ein skulle frå Lavik til Oppedal. Seint søndag kveld er det framleis ventetid.

DEL

Klokka 16.38 blir det meldt om ca. 40 minutt ventetid på Lavik – Oppedal-sambandet på E39. Ventetida er meldt på Lavik-sida.

– Vi har ikkje fått meldingar om at det er redusert drift eller innstilte avgangar på sambandet, så køane skuldast nok enkelt og greit innfartstrafikk, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal.

Det har ikkje vore innringarar som har meldt om storleiken på køa utover den omtrentlege ventetida køen fører til. Men bilder Firda har fått tilsendt synte at køen gjekk godt opp i S-nedkøyringa ned til Lavik ferjekai i 16.20-tida.

– Det er på eit sånt nivå at folk som kjem dit truleg tenker: «det er såpass lang kø, ja», seier trafikkoperatøren.

Vel tre og ein halv time seinare søndag kveld fortel vegtrafikksentralen at det framleis er kø på sambandet.

– Vi har ikkje fått noko signal frå ferjeselskapet om at det er blitt mindre kø, seier Roger Nedberge Hille, trafikkoperatør i Statens vegvesen, klokka 20.40.

Foto:

Artikkeltags