Gå til sidens hovedinnhold

Tiltaka på gult og raudt nivå i skular og barnehagar kan bli endra

Regjeringa vurderer å justere tiltaka på gult og raudt nivå i skular og barnehagar.

I ei pressemelding opplyser regjeringa at dei har bede Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet om å gå gjennom smittevernrettleiinga for skular og barnehagar med utgangspunkt i smittesituasjonen slik han er no.

Dei siste vekene har smitten på nasjonalt nivå auka, og hurtigspreiande muterte virusvariantar har gjort smittevernet krevjande, også på skular og i barnehagar.

Kunnskapsminister Guri Melby (V) seier at regjeringa har fått mange innspel frå barnehagane og skulane om at dei ønskjer seg ei oppdatering av rettleiinga etter at dei nye virusvariantane har komme.

– Vi ser òg at det varierer ein del korleis skulane følgjer opp tiltaka. Derfor er det grunn til å vurdere nærare korleis gult og raudt nivå bør praktiserast, seier ho.

Etatane er allereie i gang med prosessen i samarbeid med utdanningsorganisasjonane, KS og kommunane.

Les også

Veit ikkje korleis person blei koronasmitta, ber folk halde seg for seg sjølve

Kommentarer til denne saken